top of page

Jazz på Jølst 2017

Førehandsomtalar:

Jazz på Jølst vert arrangert for åttande gong torsdag 12. oktober til søndag 15.oktober. Set av datoane med det same. Årets artistar: Bendik Hofseth, Vargtime med Gunnar Staalesen, Never on a Sunday og Ragnhild Furebotten, Monk i 100 med Knut Kristiansen, Significant time, Meg og kammeraten min og elevar frå Firda vidaregåande skule.


Følg oss gjerne på Facebook!


Konsertstadar:


Thon Hotel Jølster, Skei

Løa på Jølstraholmen, Vassenden

Fjøsen, Skei

Audhild Vikens vevstove, Skei

Styreleiar i Norsk musikkråd, Bård Vegard Solhjell, opna Jazz på Jølst 2017!

PROGRAM

VARGTIME MED GUNNAR STAALESEN

Tjuvstartkonsert på Løa, Jølstraholmen, torsdag 12. oktober kl. 20.00

Jølster Jazzklubb og Rom for ord i samarbeid om: Vargtime & Meistermøte!


-Det foregår i Bergen fordi det er her eg bur, seier Gunnar Staalesen om romanane sine. Rune Timberlid kunne nok sagt det same, om Førde, Sunnfjord og Sogn. Dei to forfattarane har dette til felles: At dei skriv kriminalromanar frå miljø dei kjenner seg heime i.


Torsdag 12.oktober kjem Gunnar Staalesen og bandet hans til Jølster og løa på Jølstraholmen med Varg Veum sine jazz-favorittar: ”Jeg undres hva det det skyldes, denne dragningen jeg alltid har hatt inni meg, etter saksofonens runde røst, romantisk og innsmigrende, når det er det som kreves, rå og brutal, når det er slik det skal lyde. Den tar deg med ”Over the rainbow”, den minner deg om at det er blitt september, at dagene blir korte og at de ikke bør tilbringes alene."

Varg Veum skjenker seg eit glas akevitt og lyttar til blå tonar i haustmørket. - Denne stemninga tek vi med oss til Jølster, min favoritt mellom dei vakre bygdene på Vestlandet, seier Staalesen. Etter den litterære konserten inviterer ”Rom for ord” til eit aldri så lite meistermøte i ein samtale på scenekanten, to krimforfattarar i mellom: Rune Timberlid vs. Gunnar Staalesen!


Begge signerer bøkene sine for sal, Timberlid den heilt ferske ”Blodhevn” om lokal sjukehusstrid og gruvedrift. – Eg håpar boka vil slå godt an, då lokale konfliktsaker framleis skaper heite kjensler hos mange. Når eg opplever uroa i Jølster kommune, kan det jo vere at dei også snart ligg klar for hogg, seier Timberlid med glimt i auget i eit intervju med Firda. På Jølster møter Timberlid og Staalesen jølstringar som samarbeider og hjelpst åt med årets flotte jazzfestival, både på Vassenden og Skei. Kanskje ikkje stoff til ein kriminalroman, men heller til ein kriminelt kjekk kveld i godt selskap.


Velkommen til ”Litteratur i grendehuset” – denne gongen i løa på Jølstraholmen.


Vargtime blei skapt i 2002 for å markere 60-årsdagen til Gunnar Staalesen sin oppdikta privatetterforskar Varg Veum. Bandet har gjeve ut 3 plater. Vargtime-bandet har sidan den gong opptrådt på ei lang rekke jazzfestivalar, jazzklubbar, litteraturfestivalar og andre arrangement. - Jølster er ein av mine favorittstader, seier Gunnar Staalesen - og vi gler oss til å komme til Jazz på Jølst. På konserten kåserer Gunnar Staalesen om Varg Veum og les frå bøkene. Bandet, som består av svært solide musikarar - spelar tidsrette jazzperler. Vi gler oss også!


Gunnar Staalesen – Opplesing

Jan Kåre Hystad – Saksofon

Dag Arnesen – Piano

Ole Marius Sandberg – Bass

Frank Jakobsen – Trommer


Arrangør: Jølster jazzklubb og Rom for ord v/Jølster bibliotek.

BENDIK HOFSETH

Thon Hotel Jølster - fredag 13.oktober kl. 20.00


Vi er veldig glade for å kunne presentere Bendik Hofseth som skal spele på opningskonserten fredag 13. oktober kl.20:00 Debutalbumet "IX" som kom i 1991 blei starten på fleire år med turnear og CD utgjevingar med det orginale bandet som, i tillegg til mannen vi snakkar om, var samansett av Paolo Vinaccia, Eivind Årseth, Knut Reiersrud, Audun Erlien, Øystein Sevåg og Reidar Skår.


I seks år regjerte Hofseth på toppen av pop/jazz-trona i Noreg. Parallelt med dette var han ein markant aktør på den internasjonale jazzscena etter å ha teke over jobben i Steps Ahead etter Michael Brecker. Til Jølster kjem Bendik Hofseth i eit litt mindre format - med ein kvartett med svært habile musikarar. Alt ligg til rette for ei storarta konsertoppleving på Thon Hotel Jølster.


Bendik Hofseth, saksofon og vokal

Helge Iberg, piano

Mats Eilertsen, bass

Audun Kleive, trommer


Foto: Børre Eirik Helgerud

NEVER ON A SUNDAY

MED RAGNHILD FUREBOTTEN

Fjøsen pub - fredag 13.oktober kl. 22.00


Etter opningskonserten fredag 13. oktober inviterer vi til nok eit musikalsk hødgepunkt - når felespelaren Ragnhild Furebotten inntek scena på Fjøsen Pub. Saman med seks av landets beste jazzblåsarar har Furebotten, kanskje mest kjend frå "Hekla Stålstrenga", gitt nytt liv til eigne melodiar og folkemusikalske skattar frå nord. Bandet tok publikum og pressa med storm då prosjektet "Never on a sunday" blei lansert i 2011. Spelemannspris blei det også! Etter ein pause på grunn av mammaperm blei gruppa endeleg samla igjen til Vossajazz i 2016 - og no er dei klare for Jazz på Jølst. Arrangementa til Helge Sunde frå Stryn og Geir Lysne omkrinsar det vakre og lidenskapelege spelet til Furebotten. Vi er veldig glade for å ha fått til eit samarbeid med Førdefestivalen/Folkjazzscena om denne konserten.


Ragnhild Furebotten - fele

Helge Sunde – trombonium og arrangement

Frode Nymo – saksofon

Torben Snekkestad – saksofon

Marius Haltli – trompet

Eckhard Baur – trompet Lars Andreas Haug - tuba

MONK I 100 MED KNUT KRISTIANSEN

Thon Hotel Jølster - laurdag 14. oktober kl.19.30.


Knut Kristiansen Tentett med John Riley.


I 2017 er det 100 år sidan Thelonious Monk blei fødd. Knut Kristiansen har arbeidd med Monk sin musikk sidan starten av 60-talet. Han brukte konfirmasjonspengane på Monk-plater, og transkriberte dei alle for hand. Platene er forlengst spelt i hel etter at stiften er flytta eit utal gonger for å plukke opp alle rytmiske finurlege vendingar og blå tonar. Knut Kristiansen (KK) er i dag blant dei fremste Monk-tolkarane i Europa og er utan tvil blant hans aller største fans. Ensemblet er av høg profesjonell kvalitet og samansett av frilansmusikarar samt musikarar frå Bergen Big Band, Sjøforsvarets Musikkorps og Bergen Filharmoniske Orkester. Det er musikarar som både er dyktige på improvisasjon og gode ensemblemusikarar. På trommer spelar New York-baserte John Riley, som til vanleg trakterer trommene i Village Vanguard sitt husband og som har spelt med fleire av dei aller største stjernene i jazzhistoria.


Tor Yttredal – altsaksofon

Zoltan Vincze – tenorsaksofon

Michael Barnes – barytonsaksofon

Are Ovesen – trompet

Sindre Dalhaug – trombone

Fred Johannessen – horn

Knut Riser – tuba

Knut Kristiansen – piano

Sigurd Ulveseth - bass

John Riley – slagverk

MEG OG KAMMERATEN MIN

Thon hotel Jølster - laurdag 14.oktober kl. 12.00


Vi tek den oppveksande generasjonen på alvor og presenterer: Meg og kammeraten min!

Bandet foreldre og barn konkurrerer om å like. ...


Det er berre å gle seg til barnekonserten under Jazz på Jølst i år. Publikum og presse er over seg av begeistring over bandet. «Meg og kammeraten min» er Martin Hagfors (Meg) og Erik Johannessen (Kammeraten). Martin er kjent som ein av dei mest respekterte låtskrivarane i landet. Erik er kjent som trombonist og multiinstrumentalist frå mellom andre Jaga Jazzist og Trondheim Jazzorkester. Dagens næringsliv skreiv nyleg at «Meg og kammeraten min lager landets mest fornøyelige barnemusikk» og «... men det er først på konsert at de virkelig briljerer med uovertruffen publikumskontakt, smittende spilleglede, fascinerende historiefortelling og bunnsolid musisering». NRK skriv om den siste plata, Gjenta-jenta , som kom ut på vårparten i 2016: «En imponerende plate tvers gjennom, snadder for både store og små. Jeg kan ikke huske noen gang å ha hørt en så bred musikalsk plate for barn.»


Så her det berre å ta med seg heile familien og bli med på ei kjempeflott oppleving!


Erik Johannessen

Martin Hagfors

SIGNIFICANT TIME

Thon Hotel Jølster - laurdag 14.oktober kl. 22.00


Significant Time har rikeleg med konserterfaring frå inn og utland og framstår som eit fenomenalt liveband, samansett av nokre av dei flottaste unge improvisasjonsmusikarane frå Vest-Norge. ...

Bandet har fått strålande kritikkar etter konsertar m.a. på Maijazz i Stavanger. I samband med at bandet var med på turneopplegget «Den musikalske stamvegen» blei bandet forsterka med Andre Roligheten på saksofon og Hayden Powell som vi snart kan rekne som Jølstring, på trompet.


Øyvind Dale – piano

Signe Irene Time – vokal

Fredrik Luhr Dietrichson- Bass

André Roligheten – saksofon

Hayden Powell - trompet

Raymond Lavik – trommer

IMMATURE AVOCADOS

Audhild Vikens Vevstove - laurdag 14.oktober kl. 14.00


På Audhild Vikens Vevstove har Jazz på Jølst ein tradisjon med at eit band frå musikklinja på Firda vidaregåande held gratiskonsert på dagtid laurdag, og slik vert det også i år.


Årets band består av Kristian Stoianov på gitar, Olve Nordheim på bass, Olaf Gloppen på trommer og Borgar Bjarkason på keys. Dei er alle 16-17 år og går på musikklinja på Firda vidaregåande. Heile bandet starta med at gitarist og trommis satt på loftet og tulla med instrumenta sine, og dei enda opp med at dei bestemte seg for å spele i band i lag. Etter ei tid fekk dei med seg Olve på bass og har no spelt i lag i 4-5 år. Borgar starta i bandet då dei byrja i 1. klasse på Firda. Bandet spelar for det meste coverlåtar i sjangeren blues/jazz, og repertoaret kan likne musikk frå Mezzoforte og Robben Ford. Vi gler oss til konsert!

bottom of page