Shopping Cart
Your Cart is Empty
Quantity:
Subtotal
Taxes
Shipping
Total
There was an error with PayPalClick here to try again
CelebrateThank you for your business!You should be receiving an order confirmation from Paypal shortly.Exit Shopping Cart

Jølste jazzklubb

- ein musikalsk møteplass for dei med øyre

Jazz på Jølst 2021

Om alt går etter planen så arrangerer vi Jazz på Jølst 2021, 15. - 17.oktober, same helg som alltid. Følg med på heimesida eller facebooksida vår for artistslepp!

Vil du støtte oss med grasrotandelen din?

HER finn du Jølster jazzklubb hos Norsk Tipping.

ÅRSMØTE 2021

Jølster jazzklubb inviterer til årsmøte fredag 5. mars kl. 20.00. Vanlege årsmøtesaker.


Vi held oss til dei nasjonale og lokale smittevernreglane, og gjennomfører møtet digitalt om vi ikkje kan møtast fysisk.


Nærmare beskjed om stad / ev. digitalmøte vert publisert veka før.


Eventuelle saker må spelast inn til styret seinast 19. februar. 

Avlyst pga. koronasituasjonen:

FREDAG 26. FEBRUAR 2021 KL. 20.00 på Brunsj og Briller:

Fint Fransk Orkester

Vi satsar friskt og håpar det let seg gjere å gjennomføre konsert i slutten av februar! Set av datoen! Billettar vert lagt ut for sal etter neste oppdatering på smittevernreglar.


Billett: 250/200/50


Fint Fransk Orkester er det næraste du kjem Montmatre i Paris utan å forlata Noreg. Med stil, eleganse, humor og virtuos speleglede blir du tatt med på ei reise djupt inn i den franske chanson-tradisjonen der du møter ei særeigen verd av originale låtar og fargerike rollefigurar.


Med nypolert trombone, nystemt trekkspel og nydeleg song er musikken i hovudsak komponert av bandet sjølv, men med innslag frå franske forgjengarar som Serge Gainsbourg, Edith Piaf og Django Reinhardt. Cabaret og string-swing. Chansons, hjerte og smerte.


Med:

EVA BJERGA HAUGEN vokal, tangentar

DOMINIQUE BRACKEVA vokal, trombone

JOHAN EGDETVEIT trekkspel

ANDREAS BARSNES ONARHEIM gitar, vokal

THEODOR BARSNES ONARHEIM kontrabass

TAKK!

Hjartans takk til alle støttespelarar som bidrog til at vi kunne arrangere Jazz på Jølst 2020, og sytte for at det blei ei svært vellykka jazzhelg!


Publikum, artistar, sponsorar, samarbeidspartnarar og frivillige, utan dykk hadde det ikkje vore mogeleg!


Ein stor takk går også til Tore Sætre som tok bilete under festivalen. Mange av dei kan du sjå på Jølster jazzklubb si Facebook-side.

25. september 2020

Jazz på Jølst 2020:

SISTE BRIKKE ER PÅ PLASS!

Gratiskonsert med Sinus på Audhild Vikens vevstove


Det har vorte ein tradisjon at elevar frå Firda VGS spelar på Audhild VIkens Vevstove laurdag ettermiddag under festivalen. Det er i utgangspunktet gratis inngang, men det har óg vorte ein tradisjon at publikum har lagt ein valfri sum, som går rett til bandet, i "jazzmannen" (="hatten"). Det går ikkje i år, men vi reknar med å få til ei løysing – truleg med Vipps.


Årets bidrag frå Firda vidaregåande skule er kvintetten Sinus. Saman spesialiserer Sinus seg innanfor jazz, fusion og soul.


Håvard Sætre – gitar

Daniel Pettersson Utvær – keys

Mikal Høstaker Nordheim – trommer

Oddmund Voll – bass

Til årets konsert har dei med seg solomusikar Beatrice Juskaite på vokal og gitar.


Laurdag 10.oktober kl. 14.00 på Audhild Vikens vevstove

4. september 2020:

OVERNATTING UNDER ÅRETS JAZZ PÅ JØLST?

Om du treng overnatting for å ha kort veg til konsertane under årets festival, kan vi tilrå Thon Hotel Jølster på Skei.

Festivalpris 9.-10.oktober: per pers i dobbeltrom kr 995,- inkludert middag, overnatting og frukost.

Kontakt Thon Hotel Jølster på tlf. +47 57 72 78 00.

Tlf: +47 57727800

Velkommen!

26. august 2020:

VIKTIG OM JAZZ PÅ JØLST 2020

På grunn av smittevernreglar vert det i år KUN førehandssal av billettar til alle våre konsertar!


Hugs at om du har symptom på luftvegsinfeksjon (også ved negativ Covid-19-test) så skal du ikkje gå på konsert!


FREDAG 9. OKT. kl. 20.00 på Thon Hotel Jølster

Opningskonsert med Linda Eide "Melodi Grand Jazz"! Billettlenke


FREDAG 9. OKT. kl. 22.30 på Thon Hotel Jølster

Jo Skaansar og Ine Hoem "Fange av mi tid" Billettlenke


LAURDAG 10. OKT. kl. 12.00 på Brunsj & Briller på Skei

Barnejazz med Camilla Granlien og Jo Skaansar "Dyr og rare kjerringer" Billettlenke


LAURDAG 10. OKT. kl. 14.00 på Audhild Vikens Vevstove

Gratiskonsert med Sinus frå Firda vgs.


LAURDAG 10. OKT. kl. 20.00 på Thon Hotel Jølster

Arild Andersen "SAGN 30 år" Billettlenke


Her er omtale av artistane/konsertane!

Velkommen!

30. juni 2020:

JAZZ PÅ JØLST 2020!

Det var lenge usikkert om det var mogeleg å arrangere festival i år, men no kastar vi oss ut i det! Det vil seie at det blir Jazz på Jølst, om enn i ein noko forminska versjon. Smittevernreglar i oktober veit vi ikkje så mykje om endå, men det kan vere lurt å sikre seg billettar allereie no med tanke på plass. 

DET ER UTRULEG KJEKT Å KUNNE ØNSKE VELKOMMEN TIL JAZZ PÅ JØLST 2020!



PROGRAM

Fredag 9.oktober:

kl. 20.00: Linda Eide "Melodi Grand Jazz" (på Thon hotel Jølster) Billettar

kl. 22.30: Jo Skaansar og Ine Hoem "Fange av mi tid" (på Thon Hotel Jølster) Billettar

Laurdag 10.oktober:

kl. 12.00: Barnejazz med Camilla Granlien og Jo Skaansar "Dyr og rare kjerringer" (på Brunsj & Briller, Skei) Billettar

kl. 14.00: Gratiskonsert med Sinus på Audhild Vikens Vevstove.

kl. 20.00: Arild Andersen – SAGN 30 år – (på Thon Hotel Jølster) Denne konserten er eit samarbeidsprosjekt med Førdefestivalen! Billettar

Vi kjem med meir oppdatert info etterkvart, og håpar på forståing for at ting vert publisert ein tanke seinare enn vanleg.

17. mars 2020:

Godtfolk!

Det er unntakstilstand på mange områder i desse dagar og kulturfeltet er hardt råka.


Inntil vidare har vi sett arbeidet med booking og programmering for resten av sesongen, inkludert Jazz på Jølst i oktober, på vent og vi må sjå korleis ting utviklar seg - før vi evt går vidare med planleggingsarbeidet. Vi håpar sjølvsagt at ting normaliserer seg slik at vi kan arrangere festivalen vår i oktober men no er ting veldig usikkert!


Vi håpar det står bra til med oss. No må vi alle delta i fellesskapsdugnaden og gjere det vi kan for å begrense smittespreinga.

Saman står vi han av!

Torsdag 2. april 2020 kl. 20.00 på Sunnfjord kulturskule, Førde:

TOIVO Avlyst

Med utspring frå Griegakademiet i Bergen, kjem Toivo med musikk inspirert frå sekstitalsjazz – tenk Don Cherry og Charles Mingus – i moderne norsk drakt. Toivo er prosjektet til bassist og komponist Arne Toivo Fjose Sandberg, og starta opp i 2017.


Låtmaterialet er basert på komponisten sin oppvekst og bakgrunn, godt hjulpe av eit ekstremt tett samspel mellom bass og trommeslagar Steinkopf, og intenst leikne solistar. Ungdommeleg og entusiastisk jazz som platedebuterer i 2020!


ARNE TOIVO FJOSE SANDBERG kontrabass

MATHIAS MARSTRANDER gitar

AKSEL RØED saksofon

ANDREAS HATZIKIRIAKIDIS trompet

SIGURD STEINKOPF trommer


Billettar: kr 250 (vaksne), kr 200 (medl./student), kr 50 (under 25 år). Lenke til billettsal.


Velkommen!

Samarbeid mellom Vestnorsk jazzsenter og Jølster jazzklubb.

Sunnfjord kulturskule held til i Angedalsvegen 5, 6800 Førde

Tidlegare i 2020:

"Ein fantastisk konsert, for å seie det mildt!"

Overskrifta er ein kommentar frå publikum etter ein strålande konsert med


Tor Yttredal Impression Quartet på Løa 1. februar 2020!


Jazzåret 2020 er dermed i gang!

1. februar 2020

Kl. 20.00 i Løa på Jølstraholmen


Tor Yttredal Impression Quartet

Førehandsomtale:


Nærare eit superband i norsk musikkliv er det ikkje mogleg å koma! Stavangermusikar Tor Yttredal er ein premissleverandør i Stavanger sitt musikkliv som fortener eit langt større publikum. No har han sett saman eit draumeband med Audun Kleive frå The Chasers og Jøkleba, Ståle Storløkken frå Supersilent og Elephant9 og superbassist Ole Morten Vågan frå Trondheim Jazzorkester og Motif. Sjølv har Yttredal jobba mest med å få andre musikarar til å låta betre – no er vi heldige som får høyra kva han har på hjartet saman med nokre av Noregs fremste musikarar.


TOR YTTREDAL saksofonar

STÅLE STORLØKKEN tangentar

OLE MORTEN VÅGAN bass

AUDUN KLEIVE trommer


Billettar: kr 250 (vaksne), kr 200 (medl./student), kr 100 (under 25 år). Lenke til billettsal.


Samarbeid mellom Vestnorsk jazzsenter, Løa på Jølstraholmen og Jølster jazzklubb.

MayRahKee til Blest!

I samarbeid med Blest Festival presenterer vi MayRahKee til Blest 2020!


I februar 2019 slapp artisten debutplata «To the Core». No er ho aktuell med singlane “Yka" og "Contradictions", som flettar element frå jazz og hiphop i eit varmt og fresht lydbilete. Med referansar som Anderson Paak, Robert Glasper og Noname dreg artisten jazzen inn i den urbane musikkscena.

Blest Festival vert arrangert 17. og 18. januar 2020 i Førde. Medlemmer av Jølster jazzklubb får billettar til medlemspris! Lenkje til billettar.


Lytt til Contradictions med MayRahKee på YouTube

Støttespelarar og samarbeidspartar: