Jølster jazzklubb

- ein musikalsk møteplass for dei med øyre

OM OSS

Booking: [email protected] (Halvar Helgheim)

Anna kontakt: [email protected] (Hilde Hegrenes, styreleiar)


Jølster Jazzklubb er registrert/medlem i:

* Frivilligregisteret og Grasrotandelen.

Vel du oss som mottakar når du spelar Lotto eller andre spel hos Norsk Tipping, går 5% av innsatsen til oss.

* Norsk Jazzforum - Vestnorsk Jazzsenter

* Brak - interesseorganisasjonen for det rytmiske musikkmiljøet i Hordaland og Sogn og Fjordane

* Jølster musikkråd


Styret i Jølster Jazzklubb for 2017, 2018 og 2019


Leiar: Hilde Hegrenes - tlf.: +47 909 71 533, e-post: [email protected]

Nestleiar (+ booking): Halvar Helgheim - e-post: [email protected]

Kasserar: Arne Per Huus

Skrivar: Magnus Håheim

Styremedlem: Atle Reidar Sandnes

1. vara: Silja Juklestad

2. vara: Anja Gulbrandsen

3. vara: Bård Støfringsdal


Styret i Jølster Jazzklubb for 2016


Leiar: Marit Hartvedt

Nestleiar: Halvar Helgheim

Kasserar: Arne Per Huus

Skrivar: Hilde Hegrenes

Styremedlem: Atle Reidar Sandnes

1. vara: Magnus Håheim

2. vara: Silja Juklestad


Styret i Jølster Jazzklubb for 2014 og 2015


Leiar: Marit Hartvedt

Nestleiar: Halvar Helgheim

Kasserar: Arne Per Huus

Skrivar: Hilde Hegrenes

Styremedlem: Atle Reidar Sandnes

1. vara: Arild Bruflot

2. vara: Silja Juklestad


Styret i Jølster Jazzklubb for 2011, 2012 og 2013


Leiar: Marit Hartvedt

Nestleiar: Hilde Hegrenes

Kasserar: Arne Per Huus

Skrivar: Mona Solvang

Styremedlem: Halvar Helgheim

1. vara: Herdis Høyer Haugland

2. vara: Silja Juklestad


Styret i Jølster Jazzklubb for 2010


Leiar: Marit Hartvedt

Nestleiar: Tore Hovde

Kasserar: Arne Per Huus

Skrivar: Mona Solvang

Styremedlem: Halvar Helgheim

1. vara: Magnus Håheim

2. vara: Silja Juklestad

Jølster jazzklubb vart skipa 19. mai 2010.

Vedtekter for Jølster Jazzklubb


Jølster Jazzklubb vart stifta 19. mai 2010 og er heimehøyrande i Jølster kommune.


§ 1 Formål

Jølster Jazzklubb skal arbeide for å gjere jazzmusikken kjend og tilgjengeleg i Jølster og omland, til dømes ved å avvikle eitt eller fleire arrangement i gjennom året. Det skal presenterast musikk som femner vidt innanfor jazz og nærliggjande musikkformer, og utøvarane skal vere både lokale, regionale og nasjonale. Jølster Jazzklubb skal gje unge musikarar ein stad å presentere seg og ikkje minst vere ein sosial møteplass der publikum kjenner seg heime.

§ 2 Organisasjon

Jølster Jazzklubb skal vere medlem av Norsk Jazzforum.

§ 3 Medlemskap

Alle som sluttar opp om formåla og vedtektene til foreininga, kan vere medlemmer i Jølster Jazzklubb. Alle medlemmer har rett til å påverke drifta ved å delta på årsmøte eller i andre demokratiske forum.

Ein kan teikne seg som medlem eller studentmedlem. Studentar betaler redusert kontingent og har fulle medlemsrettar. Årsmøtet bestemmer kontingent og kontingentperiode. Dersom ein medlem ikkje betaler kontingenten, går medlemskapen ut.

Medlemskap medfører rimelegare tilgang til Jølster Jazzklubb sine arrangement.

§ 4 Årsmøte

Årsmøtet i Jølster Jazzklubb skal haldast innan utgangen av februar kvart år. Årsmøtet skal kunngjerast minst fire veker på førehand. Medlemmene kan melde inn saker seinast to veker før årsmøtet. Saksdokumenta skal vere tilgjengelege for medlemmene seinast éi veke før årsmøtet. På årsmøtet legg styret fram årsmelding, revidert rekneskap og ein årsplan for planlagde konsertar/arrangement. Større arrangement kan ha eit eige styre.

Årsmøtet fastset storleiken på medlemskontingenten.

Årsmøtet skal velje mellom medlemmene:

Leiar, valperiode 1 år

Fire styremedlemmer, valperiode 2 år (to av styremedlemmene er på val kvart år).

To varamedlemmer til styret, valperiode 1 år

To revisorar, valperiode 1 år

Valnemnd på tre personar og éin varamedlem. Ein ny medlem skal veljast kvart år. Medlemmen som går inn i sin tredje periode, vert leiar av valnemnda.

Stemmerett har alle som har gyldig medlemskap når årsmøtet vert halde. Avstemmingar skal skje skriftleg dersom nokon forlangar det.

§ 5 Styret

Styret vel nestleiar, skrivar og kasserar sjølv. Styret er vedtaksført når minst halvparten av medlemmene er til stades, og vedtak skal gjerast med alminneleg fleirtal. Semje skal prøvast i alle saker. Ved likt stemmetal avgjer leiaren saka.

§ 6 Vedtektsendring

Vedtektsendringar kan berre gjerast på årsmøtet og krev 2/3 fleirtal blant dei frammøtte som har stemmerett.

§ 7 Oppløysing

Foreininga kan berre oppløysast etter vedtak på årsmøtet. Forslag om oppløysing må stå på saklista til årsmøtet. Oppløysing krev 2/3 fleirtal blant dei frammøtte. Midlar som klubben eig, skal ved oppløysing delast ut til ideelle organisasjonar.

Vedtekne på årsmøtet den 27. februar 2011.

0