top of page

JølstraJazz 2009: "Frå Swing till Sweet"

16.-17. oktober på Skei Hotel

JølstraJazz - "Frå Swing till Sweet" var det første spede forsøk på å lage eit helgejazzarrangement i Jølster. Det var i privat regi og i samarbeid med Skei Hotel.


På plakaten sto to band: Angedalen Brunns-sextett og Night & Day, som tilsaman hadde tre konsertar/dans desse to dagane. Det kom for få tilhøyrarar til at det kunne kallast ein økonomisk suksess, men med mange gode tilbakemeldingar om å halde fram / utvikle konseptet, var det eit lett val å ta for dei involverte. Og resultatet veit vi: Jølster Jazzklubb og Jazz på Jølst!


Øvst frå venstre: "Night and Day" med Zoltan Vincze, saksofon; Kåre Nytun, gitar; Kåre Bulko, piano; Arnstein Klovning, bass; Marit Hartvedt, vokal. Nedst: Angedalen Brunns-Sextett.

Førehandsomtale:

Ein (ei) songar frå Jølster, sju musikarar frå Førde og fire musikarar frå Voss. Kva blir det? Jau, det blir fløyelsmjuke balladar, klassiske perler og skikkeleg gladmusikk! Staden er Skei hotel og tida er fredag 16. og laurdag 17. oktober, og det er dette som skjer:


Fredag kl. 21:30 - Konsert med Angedalen Brunns-sextett og jazzbandet ”Night & Day”

Laurdag kl. 15:00 – Kafé-konsert med ”Night & Day” (gratis)

Laurdag kl. 21:30 – Jazz-happening og dans med ”Night & Day”


Angedalen Brunns-sextett tel seks messingblåsarar og ein trommeslagar frå Førde. ”Night & Day” er eit jazzband laga for dette høvet og tel fire musikarar frå Voss og underteikna på vokal. Arrangør er Skei hotel.


Velkommen!


Marit Hartvedt, initiativtakar


Nokre bilete frå helga:

bottom of page