top of page

JAZZ PÅ JØLST 2020: 9.–10. oktober!

Det var lenge usikkert om det var mogeleg å arrangere festival i år, men no kastar vi oss ut i det! Det vil seie at det blir Jazz på Jølst, om enn i ein noko forminska versjon. Smittevernreglar i oktober veit vi ikkje så mykje om endå, men det kan vere lurt å sikre seg billettar allereie no med tanke på plass.


DET ER UTRULEG KJEKT Å KUNNE ØNSKE VELKOMMEN TIL JAZZ PÅ JØLST 2020!


Dette har vi i boks til no:


Fredag 9.oktober:

kl. 20.00: Linda Eide "Melodi Grand Jazz" (på Thon Hotel Jølster) Billettar

kl. 22.30: Jo Skaansar og Ine Hoem "Fange av mi tid" (på Thon Hotel Jølster) Billettar


Laurdag 10.oktober:

kl. 12.00: Barnejazz med Camilla Granlien og Jo Skaansar "Dyr og rare kjerringer" (på Brunsj & Briller, Skei) Billettar

kl. 14.00: Gratiskonsert med Sinus frå Firda vgs. på Audhild Vikens vevstove.

kl. 20.00: Arild Andersen – SAGN 30 år – (på Thon Hotel Jølster) Denne konserten er eit samarbeidsprosjekt med Førdefestivalen! Billettar


Vi kjem med meir oppdatert info etterkvart, og håpar på forståing for at ting vert publisert ein tanke seinare enn vanleg.

ARTISTAR TIL JAZZ PÅ JØLST 2020

Linda Eide "Melodi Grand Jazz"

Linda Eide lærer jazzfolket å elske Melodi Grand Prix. I alle fall å hate det mindre!


Kva har Monica Zetterlund og Radka Toneff til felles med Kirsti Sparboe og Kikki Danielsson? Og var det jazzen si skuld at Noreg stod for Grand Prix-historias største juks og bedrag? Og kva gjorde Jan Garbarek inni ei gassmaske i beste sendetid?


Linda Eide kastar eit nytt og jazzete lys over dette direktesende, elleville fenomenet, som har fått kjenslene våre til å riste, skake og krølle seg i over 60 år. Den utskjelte og elska melodikonkurransen har nemleg teke jazzen meir på alvor enn mange er klar over.


Musikalsk backing og verbal støtte er i dei beste hender. Sjur Hjeltnes tek seg av den saka på sin storsinna, improviserande og musikkelskande måte. Og sjå opp for uventa gjester!


Oppdag kjensler du ikkje visste at du hadde for Melodi Grand Prix.


Med: Linda Eide og Sjur Hjeltnes


Fredag 9.oktober kl. 20.00 på Thon hotel Jølster. Billettar

Jo Skaansar og Ine Hoem "Fange av mi tid"

Ni år etter utgjevinga av det kritikarroste debutalbumet «Den blåaste natt», er den etterspurde bassisten, komponisten og psykologen Jo Fougner Skaansar endeleg klar med nytt band og oppfølgjarplata «Fange av mi tid».


«Fange av mi tid» tek utgangspunkt i Skaansars mangfaldige virke som kontrabassist og komponist, og i eit fruktbart låtskrivingssamarbeid på tvers av generasjonar med den trettifem år eldre Edvard Hoem. Elles er dikt og lyrikk av norske poetar frå ulike tidsepokar handplukka og omarbeidd og supplerer og kommenterer dermed Hoems særeigne og gjenkjennelege litterære stemme.


Vokalist Ine Hoem, som dei siste åra har teke steget inn i den norske pop-eliten, er framleis ein viktig samarbeidspartnar og alliert. Saman med bandet skaper Ine og Jo musikalsk magi av Skaansar sine melodisk varierte og harmonisk sofistikerte komposisjonar i skjeringspunktet mellom jazz, folkemusikk og vise.

Jo Skaansar jobbar i inn- og utland med ei rekkje artistar og band, mest innan jazz og folkemusikk. Som bassist har han ein ekspressiv, lyrisk og moderne spelestil.

Han har medverka på om lag 40 plateinnspelingar og har spelt med blant andre Kenny Wheeler, Ulf Wakenius, Steve Dobrogosz, Jon Christensen, Beady Belle, Hot Club de Norvège, Sinikka Langeland, Trygve Seim, Sølvguttene og Trondheim Jazzorkester.


Jo Skaansar – bass

Ine Hoem – vokal

Helge Lien – piano

Jakop Janssønn – trommer

Hayden Powell – trompet

Odrunn Lilja Jonsdottir – gitar

Trygve Seim – saksofon


Fredag 9. oktober kl. 22.30 på Thon Hotel Jølster. Billettar

"Dyr og rare kjerringer"

Barnejazz med Jo Skaansar og Camilla Granlien (på Brunsj & Briller)

Folkesongar Camilla Granlien har fått med seg bassist Jo Skaansar til eit leikent møte mellom tradisjonar og sjanger. Her presenterast viser og stubbar Camilla har henta frå songtradisjonen i Gudbrandsdalen. Det er songar om maur, rev, ein stor gris, nokon små fiskar og sjølvsagt, mange rare kjerringar!


Musikarane har dei siste åra turnert i barnehagar og på festivalar med dette materialet, og sett at det gler både store og små barn. Derfor er også målgruppa alle mellom 0-100 år. Har du rytme i kroppen er dette konserten for deg. Her er det moglegheiter for å både klappe med, trampe takta og synge med på songane. Konserten eignar seg veldig godt for barnefamiliar, men kan like gjerne vere ein konsert for vaksne. Her er det tekstar og humor som kan forståast på ulike nivå.


Laurdag 10. oktober kl. 12.00 på Brunsj & Briller. Billettar.

Gratiskonsert med Sinus frå Firda vgs.

Gratiskonsert med Sinus på Audhild Vikens vevstove


Det har vorte ein tradisjon at elevar frå Firda VGS spelar på Audhild VIkens Vevstove laurdag ettermiddag under festivalen. Det er i utgangspunktet gratis inngang, men det har óg vorte ein tradisjon at publikum har lagt ein valfri sum, som går rett til bandet, i "jazzmannen" (="hatten"). Det går ikkje i år, men vi reknar med å få til ei løysing - truleg med Vipps.


Årets bidrag frå Firda vidaregåande skule er kvintetten Sinus. Saman spesialiserer Sinus seg innanfor jazz, fusion og soul.

Håvard Sætre – gitar)

Daniel Pettersson Utvær – keys

Mikal Høstaker Nordheim – trommer

Oddmund Voll – bass

Til årets konsert har dei med seg solomusikar Beatrice Juskaite på vokal og gitar.


Laurdag 10.oktober kl. 14.00 på Audhild Vikens vevstove.

  Arild Andersen - SAGN 30 år

I 2020 er det 30 år sidan Arild Andersen, Noregs verkelege superbassist, gav ut albumet Sagn saman med mellom andre Kirsten Bråten Berg, eliten av norske jazzmusikarar og den brasilianske perkusjonisten Nana Vasconcelos.


Sagn var opphavleg eit tingingsverk for Vossa Jazz i 1990, og plata var med på å starte jazzfolketone-crossover-bølgja som skylde over landet på 80- og 90-talet. Albumet står framleis som ein påle og held fram med å vere ei inspirasjonskjelde for både jazz- og folkemusikarar. Arild var ikkje vanskeleg å overtale til å bli med på ei lita eksklusiv runde konsertar på utvalde stader. Nana Vasconselos var med på den første turneen, mens Paolo Vinaccia overtok stikkene etter han. No når begge er borte, vil Sagn også bli opplevd som sakn, og Helge Norbakken steppar inn som superreserve.


Arild Andersen blei kjend som jazzmusikar på slutten av 1960-åra. Etter samarbeid med mellom andre Karin Krog, og etter å ha vore medlem av Jan Garbarek Quartet (1967–1973), har han seinare i hovudsak leia eigne grupper og turnert over heile Europa. Andersen har hatt nært samarbeid med mange av dei mest kjende jazzvokalistane og -musikarane i verda. Arild har gjeve ut heile 47 album i eige namn og bidrege på langt over 300 utgjevingar.

Konserten er eit samarbeidsprosjekt med Førdefestivalen, og utan det hadde vi sannsynlegvis ikkje fått dette til. Takk til Førdefestivalen! Vi er veldig glad for at bandet kjem til Jazz på Jølst, og den utgåva av Sagn som kjem til Jølster, er:


Arild Andersen – bass

Kirsten Bråten Berg – vokal

Frode Alnæs – gitar

Bendik Hofseth – saksofon

Helge Norbakken – trommer

Asle Karstad – lyd


Laurdag 10. oktober kl. 20.00 på Thon Hotel Jølster. Billettar

bottom of page