Shopping Cart
Your Cart is Empty
Quantity:
Subtotal
Taxes
Shipping
Total
There was an error with PayPalClick here to try again
CelebrateThank you for your business!You should be receiving an order confirmation from Paypal shortly.Exit Shopping Cart

Jølste jazzklubb

- ein musikalsk møteplass for dei med øyre

Jazz på Jølst 2019

10-årsjubileum!

"Verdas minste jazzfestival veks"

"Jubileumsfestivalen tok publikum med storm"

"Rekordmange fekk med seg konsertane"

Dette var nokre av overskriftane i Firda Tidend etter det tiande Jazz på Jølst!


Vidare kan vi lese: Årets jazzfestival i Jølster er historie, og ei helg spekka med musikalske høgdepunkt sender den tiande festivalen inn i historiebøkene som den beste så langt. – Vi har vore gjennom ei helg der vi har gått frå det eine musikalske høgdepunktet til det andre, og der publikum har strøymd til Jølster som aldri før, sa styremedlem i jazzklubben og bookingansvarleg for festivalen, Halvar Helgheim, då han ønskte velkomen til den siste av konsertane.


Det var sagt på førehand at det skulle gjerast litt ekstra ut av jubileumsfestivalen når det gjeld artistar og musikalsk kvalitet. Det klarte arrangørane å få til, og det var ikkje fnugg av sjølvskryt i det Halvar Helgheim sa om den musikalske kvaliteten. Heller ikkje var det oppskrytt at publikum strøymde til som aldri før, og spesielt laurdag var det lang kø framfor inngangen til opningskonserten med Kristin Asbjørnsen. – Aldri før i denne festivalen si historie har vi måtta setje inn ekstra stolar. Det er utruleg kjekt, sa klubbleiar og festivalsjef Hilde Hegrenes då ho ønskte velkomen til festival laurdagskvelden, framfor eit rekordstort publikum.

Og slikt oppsummerar Firda Tidend festivalen: Kort summert var dette ein festival der blåsarane stod i høgsetet, saman med mange og flotte vokalprestasjonar. Vi slapp band med kontrabass som soloinstrument, og takk for det, men vi fekk fantastiske saksofonar, ei strålande trombone og eit par eminente trompetar. Kristin Asbjørnsen, Tricia Boutté, Sinikka Langeland og Siril Malmedal Hauge sto for vokalprestasjonar som hevar denne festivalen opp på eit nytt nivå.


Med så mykje publikum som reiste heim med hovudet fullt av gode opplevingar, skal det forundre mykje om ikkje festivalen lever i beste velgåande også om nye ti år. – Vi er allereie i gang med neste års festival, men ingen artistar er så langt hanka inn, kunne styremedlem i jazzklubben og bookingansvarleg, Halvar Helgheim, fortelje. Det er berre å glede seg.


Biletet (M. Hartvedt) er frå konserten med Ytre Suløens Jass-ensemble og Tricia Boutté, dei leverte som vanleg! Fleire bilete (av Tore Sætre) finn du her.





Førehandsomtalar:

JAZZ PÅ JØLST for 10. gang!

10.–13. oktober 2019

Vi er stolt og kry over å kunne ynskje velkomen til den 10. Jazz på Jølst-festivalen! Vi lovar flotte artistar og god stemning! Vi er særskilt glad for at Førdefestivalen samarbeider med oss om opningskonserten. Vi er også glad for at kyrkja i Jølster nok ein gong er med på laget. Gudstenesta søndag er prega av jazz ved at presten og jazzmusikaren Carl Petter Opsahl deltek.


PROGRAM

Torsdag 10. oktober

20.00 "Tjuvstart" med Camilla Hole Trio

           Brunsj & Briller

           Bill. 250/200/100

Fredag 11. oktober

20.00 Opningskonsert med Kristin Asbjørnsen − Traces of You

           Thon Hotel Jølster

           Bill. 300/250/100/Jazzpass*

22.30 Ytre Suløens Jass-ensemble & Tricia Boutté: In the Court of King Oliver

           Thon Hotel Jølster

           Bill. 380/320/100/Jazzpass*

Laurdag 12. oktober

11.00 Omvisning i Eikaasgalleriet: Astrup + Eikaas.

          Bill. 50. Open kafé.

12.00 FOR BORNA: Geitejazz! (Idun Losnegård & Jacob Wyrtz)

          Thon Hotel Jølster

          Bill. 100/Jazzpass*

12.00 Carl Petter Opsahl - Heilag (arrangør Kyrkja i Jølster)

          Ålhus kyrkje

          Bill. 100

14.00 Kafékonsert med QNZ

          Audhild Vikens vevstove

          GRATIS (men dei som ynskjer å støtte dei unge musikarane, tek gjerne med nokre kontantar til "Jazzmannen" :))

20.00 Sinikka Langeland - Sauna Cathedral

           Thon Hotel Jølster

           Bill. 300/250/100/Jazzpass*

22.30 Siril Malmedal Hauge

           Thon Hotel Jølster

            Bill. 270/220/50/Jazzpass*


Søndag 13. oktober

11.00 Gudsteneste med jazzstemning

           Medv.: Prest og jazzmusikar Carl Petter Opsahl


BILLETTAR

Billettprisane for kvar konsert skal lesast slik: vanleg pris / medlems- og studentpris / under 25 år 


* JAZZPASS

Gjeld alle konsertane unnateke "Tjuvstart"-konserten og Carl Petter Opsahl. Pris: 900/750/150 (t.o.m. 15 år).

Førehandssal av billettar/jazzpass hos TicketCo, www.ticketco.no. Elles i døra.


**ASTRUP-RUNDTUR

Påmelding til 916 74 487 seinast kl. 10.15 laurdag 12. okt. Kr 100 per person. Du betalar ved turstart.


MAT/OVERNATTING

Thon Hotel Jølster, Skei, er ein naturleg stad å halde hus denne helga, då dei fleste konsertane skjer her. Dei har følgande jazzprisar: Enkeltrom med frukost kr 895,- pr. natt og dobbeltrom for 2 pers med frukost kr 1 095,- pr. natt. Rikhaldig middagsbuffet begge kveldar kr 395,- pr. pers / kveld. Lunsj og a la carte alle dagar. Kontakt hotellet for bestilling av rom. Tlf.: +47 57 72 78 00. E-post: [email protected] Nettside: www.thonhotels.no/jolster.

EKSTRAKONSERT I ÅLHUS KYRKJE!

I tillegg til å delta på gudstenesta, held Carl Petter Opsahl også ein eigen konsert. Det skjer i


Ålhus kyrkje, laurdag 12. oktober kl 12.00

Billett kr

100


Velkommen til ein lyrisk og annleis konsert, med slåttemusikk for solo bassklarinett! Gjennom to år på Ole Bullakademiet har Carl Petter Opsahl fordjupa seg i tradisjonsmusikk fra Gudbrandsdalen med Aslak Brimi som læremeister. Opsahl har omforma feleslåtter og vokalstoff til bassklarinettens klangverden, og vil fremføre springleiker, salmetoner, huldreslåtter, samt lyarslåtten "Heilag."

Jeg er en paragraf Klikk en gang for å begynne å skrive inn ditt eget innhold. Du kan endre font, størrelse, linjehøyde, fargeCarl Petter Opsahl (f. 1964) – klarinettist, komponist og gateprest – har spilt med Caledonia jazzband i over 35 år. Han var med å starte Chateau Neuf Spelemannslag. Han har gitt ut ei rekke plater, med Chateau Neuf Spelemannslag, Caledonia Jazzband og under eige namn, og spelt på Vossajazz med Tord Gustavsen og Chateau Neuf Spelemannslag. I 2012 tok han doktorgrad på hip hop-kultur og spiritualitet, og ga nylig ut boka Dance to my Ministry. Exploring Hip-Hop Spirituality. Carl Petter Opsahl er æresborger av New Orleans. Carl Petter Opsahl og Jo Asgeir Lie har akkurat gitt ut albumet #23 med tradisjonsmusikk frå Gudbrandsdalen. og mer ved å merke en del av meg og velge alternativene fra verktøylinjen.


Lenke til billettar på TicketCo.

ARTISTAR TIL JAZZ PÅ JØLST 2019

Torsdag 10. okt. kl. 20.00−22.00 Brunsj & Briller (tidlegare Fjøsen Pub), Skei


"Tjuvstart"


CAMILLA HOLE TRIO


Musikarane her har spelt i lag i fleire ulike konstellasjonar og har no gått saman om ein felles draum om å lage ei folkemusikkplate.

Trioen har som utgangspunkt ein tanke om at folkemusikken høyrer framtida til – han skal førast vidare. Musikarane spelar folkemusikk, i hovudsak frå Sogn og Fjordane, men også ny musikk. Camilla, Fredrik og Knut har bakgrunn frå jazz og improvisasjonsmusik og spelar instrument ein ikkje nødvendigvis knyter til folkemusikk. Dei tek med seg instrumenta og dei musikalske preferansane sine når dei tolkar dei vakre, tradisjonsrike låtane som har blitt førte vidare gjennom generasjonar. Ved hjelp av andre klangar og eigne oppfatningar av essensen i musikken tilfører bandet låtane noko ekstra.


Camilla Hole (frå Breim) − saksofon

Fredrik Luhr Dietrichson − kontrabass

Knut Kvifte Nesheim − trommer/vibrafon


Bill.: 250 (vaksen), 200 (medlem/student), 100 (under 25 år) hos TicketCo

Fredag 11. oktober kl. 20.00−22.00 Thon Hotel Jølster, Skei


OPNINGSKONSERT


KRISTIN ASBJØRNSEN − Traces of You


Kristin gav ut albumet «Traces Of You» i 2018 til strålande omtalar både i Noreg og internasjonalt. Songane opnar nytt terreng i Kristins mangefasetterte univers. Med sterk meloditeft og poetisk sans blir gitarar, vestafrikansk kora og stemmer vovne saman i eit særdeles vakkert og meditativt lydlandskap.

Musikken ber avtrykk frå vestafrikansk musikk, voggesongar og stillfarande nordisk jazz. Sildrande afrikanske ornamenet står i leikande dialog med eit klangfylt gitarunivers. Kristins lyrikk er omsett til vestafrikansk mandinka i rørande samsong med Suntou. Songane er som vare inntrykk av livsavtrykk, nærvær og kjærleikens omskapingar.

Kristin Asbjørnsen er ei av dei mest originale stemmene i norsk musikk, og det er alltid ei stor oppleving å høyre henne på scena. Det er duka for ei unik konsertoppleving med Kristin og hennar to eminente musikarar.


Konserten er eit samarbeid med Føredefestivalen/FolkJazzscena – eit samarbeid vi er svært glade for!


Kristin Asbjørnsen – vokal

Olav Torget – gitarar og vokal

Suntou Susso – kor og vokal


Bill.: 300 (vaksen), 250 (medlem/student), 100 (under 25 år) hos TicketCo

Fredag 11. oktober kl. 22.30−00.30 Thon Hotel Jølster, Skei


Ytre Suløens Jass-ensemble & Tricia Boutté: In the Court of King Oliver


Ytre Suløens Jass-ensemble er alltid på utkikk etter noko nytt, og i jubileumsåret 2018 (45 år) ville bandet søkje etter noko dei ikkje hadde gjort før. Det blei bestemt at bandet skulle ta utgangspunkt i King Oliver, ikonet frå 20- og 30-talet som sette sitt heilt eige preg på musikken, og som var den første til å presentere den pur unge Louis Armstrong på jazzscena i 1923. Dei lytta til musikken hans, og eit knippe låtar blei valde ut til konsert på Moldejazz. Etter to utselde konsertar med god stemning både på scena og i salen blei det straks bestemt at musikken måtte inn på plate!

Denne plata blir sleppt på Moldejazz 2019 og vil dermed vere rykande fersk når bandet kjem til

Jølster. Musikken består i stor grad av arrangerte blåseparti som høyrest improviserte ut, og improviserte blåseparti som høyrest arrangerte ut. Kollektiv improvisasjon, fleirstemde fanfarar og ein energisk og offensiv driv i bandet. Det er sjølvsagt også mange flotte soloar, men det er samspelet som står i høgsetet når King Oliver skal hyllast!


Lars Frank – klarinett

Sturla Hauge Nilsen – trompet

Andreas Rotevatn – trombone

Einar Aarø – banjo/gitar

David Gald – tuba

Morten Gunnar Larsen – piano

Kristoffer Tokle – trommer

Tricia Boutté − vokal


Bill.: 380 (vaksen), 320 (medlem/student), 100 (under 25 år) hos TicketCo

Laurdag 12. oktober kl. 12.00−13.00 Thon Hotel Jølster, Skei


FOR BORNA: GEITEJAZZ! (Idun Losnegård & Jacob Wyrtz)


Sogn og Fjordane Teater vil gjerne invitere dei minste til å vere med på å lage ein jassa versjon av eventyret «Ulven og dei sju geitekillingane».


I eventyret må geitemamma etterlate dei sju killingane heime for å gå ut og leite etter mat. Ho gir killingane streng beskjed om at dei ikkje må opne døra for ulven, og dei gjer så godt dei kan, men ulven kan triks som ein må ha levd i fleire geitår for å kunne avsløre. Han et krit for å gjere stemma mildare, og han drysser mjøl på dei svarte labbane. Klarer han til slutt å setje tennene i det møre kjøtet deira...?

Ungar og jazzmusikarar har det til felles at dei likar å improvisere og utforske ytterkantane av kva som er mogleg å få til. Distriktsmusikar Jacob Wyrtz og skodespelar Idun Losnegård elskar å lage lyd saman med born. Dei bygger opp forteljinga med improviserte jazzrytmer og musikalske kollbøtter, men er heilt avhengige av hjelp frå dei minste til å skape den riktige grooven: lyden av det bankande hjartet til killingen som gøymer seg i klokkeskåpet, uvêret som bryt laust når ulven plutseleg står midt på stovegolvet.

Jazzmusikken skaper ei berg-og-dal-bane av stille spenning og hoppande glede som det unge publikummet kjem til å digge.


Medverkande

Idun Losnegård

Jacob Wyrtz


Bill.: 100 (alle) hos TicketCo

Laurdag 12. oktober kl. 14.00 Audhild Vikens Vevstove


Qnz


Qnz er ein jazzkvartett frå musikklinja på Firda. Saman spelar dei alt frå standardlåtar til sjølvlaga cover. Det har blitt ein tradisjon at Jazz på Jølst stiller scene til unge, lovande musikarar under festivalen. Dette er årets gratiskonsert, men Jazzmannen står klar til å ta i mot gåve!


Marius Arntsen - saksofon

Håvard Sætre - gitar

Oddmund Voll - bass

Mikal Nordheim - trommer


Gratis, men ta gjerne med kontantar om du vil støtte, då dei "spelar for døra"!

Laurdag 12. oktober kl. 20.00−22.00 Thon Hotel Jølster, Skei


SINIKKA LANGELAND – Sauna Cathedral


Sinikka Langeland er ein av dei mest markante musikarane i vår tid. Gjennom forsking, gjenforteljing og framføring har ho gjeve kulturen i Finnskogen ein heilt ny profil. Ho spelar det finske nasjonalinstrumentet kantele, men er òg kjend for sin bruk av folkesongtradisjonar som runesong og kveding. Som komponist har Langeland utforska tradisjonell folkemusikk og skapt kontrastar med eigne melodiar og tekstar. I dei seinare åra har Langeland jobba med tilhøvet mellom religiøse folketonar og kormusikk av Bach, ein spennande kamp som har resultert i fire CD-innspelingar i eit heilt nytt musikalsk landskap.

«Sauna Cathedral» av Sinikka Langeland, framført av nokre av verdas leiande jazzmusikarar, er inspirert av eld i ulike former. Verket er samansett av tre delar, og kvar del vert innleia med ein runesong. Eldfisken er ei eldrune oppteikna i 1821 på Finnskogen, det same er Ukko, mens Sanervatar er ei karelsk saunarune.


Sinikka Langeland – vokal, kantele

Eivnd Nordset Lønning − trompet

Trygve Seim − saksofon

Maja Ratkje − harmonium, vokal, elektronikk

Mats Eilertsen − kontrabass

Markku Ounaskari − trommer

Lyd: Pål Terje Antonsen


Bill.: 300 (vaksen), 250 (medlem/student), 100 (under 25 år) hos TicketCo

Laurdag 12. oktober kl. 22.30−00.30 Thon Hotel Jølster, Skei


SIRIL MALMEDAL HAUGE


Siril Malmedal Hauge er ei relativt ny og spennande stemme på den norske scena. Ho er ein etterspurd og allsidig vokalist og er aktiv i ei rekke prosjekt både som vokalist og instrumentalist. Ho vitja Jølster Jazzklubb i 2016 med si tolking av Joni Mitchell, og konserten fekk ståande ovasjonar.

Siril evnar å tilpasse seg dei instrumentalistiske settingane, som formidlar av både ord og melodi. Hennar nye prosjektet «Uncharted Territory» kom ut tidlegare i 2019 på plateselskapet Jazzland Recordings, til strålande kritikkar. Musikken handlar om endringar og funn i kjærleik og liv. Det å forlate det som er trygt og kjent og å gå ukjende stiar. Ærlege ord om einsemd og usikkerheit og nye funn i seg sjølv og omgjevnadene. Musikken er inspirert av sjangrar som folk, pop og jazz og er kjenneteikna av fengande melodiar, stødige riff, ærlege tekstar og spennande arrangement.


Siril Malmedal Hauge – vokal og strengeinstrument

Martin Myhre Olsen − saksofonar

Torgeir Hovden Standal – gitarar

Kjetil André Mulelid − piano

Martin Morland – bass

Henrik Lødøen − trommer


Bill.: 270 (vaksen), 220 (medlem/student), 100 (under 25 år) hos TicketCo