top of page

Jazz på Jølst 2018

Firda Tidend var som vanleg til stades under Jazz på Jølst og skriv m.a.: "Jazz på Jølst 2018 er historie, og den vil bli hugsa for eit program som fekk svært mange til å sperre opp augo. Heilt frå tjuvstarten torsdag til dei siste tonane frå Low-Fly Quintet og Camilla Tømta tona ut laurdag kveld."

Tekst og foto: Hallstein Dvergsdal

Førehandsomtalar:

TJUVSTART torsdag 11. oktober kl. 20.00

OLE AMUND GJERSVIK QUARTET

Billett: 250/200/50


Kvartetten hentar vanlegvis sitt repertoar frå Gjersvik sine tidligare utgivelser, blanda med nokre nye komposisjonar og arrangement. Det er ikkje umogleg at kvartetten legg til nokon standardlåtar på repertoaret. Alle musikarane er godt etablerte på eigahand, og passar perfekt til Gjersviks musikk! Musikken blir ofte skildra som; melodiøs, melankolsk og leikende, godt forankra innanfor jazztradisjonen. Sjekk også siste plate “All Together Now”!


ELISABETH LID TRØEN – SAKSOFONER

ANDERS OLAV ESE – GITAR

OLE AMUND GJERSVIK – KONTRABASS

FRANK JAKOBSEN – TROMMER

OPNINGSKONSERT JAZZ PÅ JØLST 2018:

DENADA med Torun Eriksen - Thon Hotel Jølster, fredag 12.oktober kl. 19.30

Billett: 300/250/100


Ensemble Denada er eit profesjonelt jazzorkester med for tida tretten faste medlemmer. Bandet blir drive av Østnorsk jazzsenter med støtte frå Norsk kulturråd og Oslo kommune. Samarbeidet med Torun Eriksen starta i fjor med premierekonsert på Kongsberg jazzfestival, og dei fekk strålande ovasjonar frå kritikarar og publikum. «Ein vilje, ei inderlegheit og energi som var gripande», skreiv Dagsavisens Roald Helgheim i sin omtale etter premieren på Kongsberg i fjor.


Arrangør og musikalsk leiar Erlend Skomsvoll sender Torun Eriksen sine grasiøse popkomposisjonar på ein «roadtrip frå Berlin til New Orleans» med reisefølgje frå Ensemble Denada, eit band som er blitt godt samspelt etter ein bråte med mil på kryss og tvers i verda dei siste ti åra. Ensemble Denada, Torun Eriksen og Erlend Skomsvoll har funne både tonen, teksten og stilen. Det kunstnarlege utgangspunktet er Torun Eriksen sitt album «Grand White Silk» med sine sofistikerte låtar og poetiske forteljingar. Arrangør Skomsvoll har sett av godt med plass i partitura til Ensemble Denadas formidable instrumentalsolistar.


Torun Eriksen – vokal, komponist og tekstforfattar, Erlend Skomsvoll – musikalsk leiar og arrangør


Ensemble Denada: Frank Brodahl – trompet, piccolotrompet; Marius Haltli – trompet, kornett; Anders Eriksson – trompet, flygelhorn, althorn; Even Kruse Skatrud – trombone, basstrompet,sousafon; Nils Andreas Granseth – trombone; Martin Myhre Olsen – altsaks; Børge-Are Halvorsen – altsaks, fløyter; Atle Nymo – tenorsaks, bassklarinett; Shannon Mowday – barytonsaks; Olga Konkova – piano; Jens Thoresen – gitar; Per Mathisen – bass; Håkon Mjåset Johansen – trommer

KABARET MAKABER - Thon Hotel Jølster, fredag 12.oktober kl. 22.00.

Billett: 250/200/50


Med hjarte for det skakke, vonde og burleske spelar Kabaret Makaber «noirforteljingar» frå det djupaste, inste Sogn på sitt aller beste. Uttrykket til Kabaret Makaber eksisterer ein stad der swingjazz kryssar tysk mellomkrigsmusikk, progrock og finske tangoballadar. Bandet starta i Bergen, der fleire studerte på Griegakademiet.... Medan sjangerbakgrunnen til musikarane er særs ulik, deler dei same kjærleik til rytmikk og driv. Bandet består av song, altsaksofon, barytonsaksofon, marimba, kontrabass og trommer.

I 2017 gav dei ut debutplata «Kabaret Makaber» på Apollon Records og fekk god omtale heime og i utlandet. Mellom anna skreiv Soundscape Magazine: «Kabaret Makaber is by far one of the most unique and ‘out there’ releases I’ve heard all year ...», og dét utan å skjøne eit ord av kva Marita Vangen Bratteteig syng om på lærdalsdialekt. For musikken og tekstuniverset heng tett saman i Kabaret Makaber, der førarlause bussar i retning Lærdal ikkje stoppar der ein ønskjer. Indre Sogn Sparebank blir rana, og den elleville flukta går over Filefjell. Og så finn vi sjølvsagt Djevelen sjølv, som likar kaffien sin svart og sørgjer over at Gud har forlate han. Koplinga mellom musikk, songtekst og konsertoppleving kan nesten kallast teatral. Noko som resulterte i eit samarbeid med Helge Jordal, som har spelt Djevelen på konsert og på vinylutgåva av debutplata.


Torstein Åvar Sollien – marimba

Morten Nordheim – altsaks

Mads Lønnkvist – barytonsaks

Marita Vangen Bratteteig – song

Tomas Mjånes Myklebust – trommer

Alexander Lund – kontrabass

BARNEJAZZ!

THON HOTEL JØLSTER - LAURDAG 13. OKTOBER kl. 12.00

Billett: 100


Barnejazzen under årets Jazz på Jølst står "Hei kalas!" for! Dei syng og spelar musikk med ein underfundig undertone. Songane er morosame på ein trist måte, eller triste på en morosam måte. Kvifor er verdsrommet uendeleg, kva skjer når nokon døyr, og kvifor står alt det gode på øvste hylle, slik at vi ikkje rekk opp? Det handlar om kva ein tenkjer på og opplever i kvardagen. Store ting og små ting....

Hei Kalas! undrar seg over verda og livet og dyra og menneska saman med publikum. Med fokus på gode tekstar klarer Hei Kalas! å formidle heilt daglegdagse ting på ein måte som både born og vaksne kjenner seg igjen i. Songane er mynta på born, men Hei Kalas! meiner born og vaksne er opptekne av dei same tinga, berre i litt forskjellig skala. Det er ikkje problemfritt å vera barn eller vaksen. Gjennom fine og rare små historier vil Hei Kalas! formidle det som engasjerer dei mest – undringa over at alt er som det er.


Heidi Marie Vestrheim – vokal, gitar

Anniken Teodorsen – vokal, keyboard

Roy Ole Førland – trommer, vokal, bass, keyboard

GRATIS KAFÉKONSERT PÅ AUDHILD VIKENS VEVSTOVE

LAURDAG 13. oktober kl. 14.00


Bjarkasonkvartetten er samansett av elevar frå Firda vidaregåande skule på Sandane. Bandet spelar jazz/fusion både av andre artistar og eit par eigenskrivne låtar. Kvartetten består av:


Borgar Bjarkason – tangentar          Martin Vindenes-Rundereim – gitar

Olve Nordheim – bassgitar              Olaf Gloppen – trommer

DANIEL HERSKEDAL KVARTETT - THON HOTEL JØLSTER

LAURDAG 13. OKTOBER KL. 19.30

Billett: 250/200/50


Jazztuba er kanskje ikkje det instrumentet den jamne musikkforbrukar har det sterkaste tilhøvet til, men det kan det bli ei endring på no. Daniel Herskedal skubbar regelboka til side og utvidar grensene for kva som skal og kan gjerast med ein tuba. Han har brukt mykje tid på vegen dei siste åra, og hans tredje album, «The Roc», blei til etter ei reise til Syria, Libanon og Palestina. Med gode kritikkar frå dei fleste jazzblad på planeten i ryggsekken er Herskedal endeleg på veg til Jølster. Ein konsert full av godbitar for alle som er glade i jazz og folkemusikk frå heile verda!


Daniel Herskedal – tuba           Jakop Jannssønn – perkusjon

Helge Lien – piano                   Bergmund Skaslien – trommer

LOW-FLY QUINTET - THON HOTEL JØLSTER

Laurdag 13. oktober kl. 22.00

Billett: 250/200/50


Losen Records gler seg til å presentere denne kvintetten, som har base i Hamar-distriktet, for verda og for Jazz på Jølst sitt publikum. Kvintetten skriv leikne, sarte og rå originallåtar inspirerte av vokaljazzen frå første halvdel av 1900-talet. Bandet tolkar også kjende og ukjende låtar frå same epoke. Kvintetten har skapt eit musikalsk utrykk som gjev l...yttaren ei kjensle av å vere på ein dunkel, røykfylt jazzklubb i New Yorks bakgater. Med si spesielle besetning – vokal, cello, piano, kontrabass og trommer – har dei skapt eit heilt eige utrykk som sjarmerer, overraskar, muntrar opp og rører ved publikum.


Camilla Tømta – vokal, Siri Snortheim – cello, Uri Sala – kontrabass, Ole Gjøstøl – piano,

Skjalg Lidsheim – trommer

bottom of page