Jølster jazzklubb

- ein musikalsk møteplass for dei med øyre

JAZZ PÅ JØLST 2016

Firda Tidend 17. okt.:

Årets program/artistar:


Torsdag 13. oktober

20.00 «Tjuvstart» med Hilde Marie Holsen

          Løa på Jølstraholmen

          Bill. 200/150/50


Fredag 14. oktober

20.00 Opning ved leiar i Norsk jazzforum, Gry Bråtømyr

20.15 Opningskonsert

          «Grieg, Tveitt & I» Dag Arnesen Trio med strykarar frå Flora kulturskule

          Thon Hotel Jølster

          Bill. 350/300/50/JAZZPASS*

22.00 Kari Malmanger Band

          Fjøsen Pub

          Bill. 250/200/50/JAZZPASS*

Laurdag 15. oktober

10.30 Rundtur i Nicolai Astrup sitt landskap

          Med bil/buss, ca. 2 ½ time **

12.00 Barnejazz

         Good Time Charlie

          Thon Hotel Jølster

         Bill. 100/50/JAZZPASS*

14.00 Kafékonsert med Nalbant (elevar på Firda vgs., Sandane)

          Audhild Vikens vevstove

         GRATIS

20.00 Arild Andersen Trio med Helge Lien

         Thon Hotel Jølster

          Bill. 350/300/50/JAZZPASS*

22.00 Wild Things Run Fast

         Thon Hotel Jølster

         Bill. 300/250/50/JAZZPASS*


Søndag 16. oktober

11.00 Gudsteneste med jazzkrydder

          Ålhus kyrkje

Når konsertane er slutt, kan ein både fredag og laurdag kveld svinge seg til variert musikk på Thon Hotel Jølster


BILLETTAR

Billettprisane skal lesast slik: Vanleg pris / medlems- og studentpris / under 20 år. Barnejazz: vaksne/barn


* JAZZPASS

Gjeld alle konsertane unnateke «Tjuvstart». Pris: 800/600/200.


Førehandssal av billettar/jazzpass hos TicketCo, www.ticketco.no. Elles i døra.


** ASTRUP-RUNDTUR

For dei som vil ha litt avveksling i løpet av helga, tilbyr Jølster jazzklubb også i år ein rundtur i kunstnaren Nikolai Astrup sitt rike, med besøk til stadane som var viktige i livet hans: Ålhus, Sunde, Myklebust og Sandalstrand. Turen går med bil/buss frå Thon Hotel Jølster laurdag kl. 10.30 og er tilbake ca. kl. 13.00. Påmelding til 916 74 487 seinast

kl. 10.00 laurdag 15. okt. Du betalar via TicketCo eller ved turstart.

MAT/OVERNATTING


Spesielle jazzprisar på overnatting og måltid på Thon Hotel Jølster, Skei! For rombestilling: For rombestilling: [email protected].

Eller ring 57 72 78 00. Bruk priskode JAZZ! 

Torsdag 13. oktober kl. 20.00 «Tjuvstart»! I Løa på Jølstraholmen

HILDE MARIE HOLSEN

frå Jølster kjem til årets Jazz på Jølst for å spele på heimebane. Ho spelar trompet og utforskar samspelet mellom trompet og elektronikk i improviserte lydlandskap. Her står dei akustiske og elektroniske lydane i kontrast til kvarandre, med melankolske klangar og melodiske tema. Musikken kan opplevast både var, skjør og litt skakk, men også kraftig og dynamisk.


Våren 2015 sleppte Holsen debutalbumet Ask på plateselskapet Hubro. Det har vekt mykje merksemd i internasjonal musikkpresse – med kritikkar frå mellom anna The Guardian, The Wire og The Quietus. Plata vart òg nemnd som eitt av høgdepunkta frå 2015 i «Jazzklubben» på NRK P2.


I løpet av året spelte ho mellom anna på festivalane Only Connect, Punkt og Ultima, og turnerte i Europa med konsertar i m.a. Italia, Storbritannia, Luxembourg og Tyskland.


Foto: Ruben Olsen Lærk

Fredag 14. oktober kl. 20.00 Opningskonsert «Grieg, Tveitt & I»

Thon Hotel Jølster


DAG ARNESEN TRIO - med lokale strykarar


Dag Arnesen Trio kjem til Jølster med konserten kalla «Grieg, Tveit & I». Ved flygelet sit han som med tre album kledde sine barnlege Grieg-minne i jazzdrakt og la folk for sine føter. Grooven er der frå første tone, og rytmeseksjonen er forsterka med fire strykarar i nydeleg arrangement. Truleg får vi høyre både «Morgenstemning», Grieg-songen over alle, «Våren», og «Håvard Hedde», for dette høvet i lett sambatakt.


Om bruken av ein strykekvartett attåt bass og trommer seier Arnesen at det er noko han har drøymt om lenge.


Dag Arnesen - piano

Ole Marius Sandberg - bass

Ivar Thormodsæter - trommer


Strykarar frå Flora kulturskule:

Anna Michalska – fiolin (lærar)

Sanja Dukanac – cello (lærar)

Rønnaug O.I. Moen – bratsj

Natasha Vidacic (Bergen) – fiolin

Fredag 14. oktober kl. 22.00 på Fjøsen Pub


KARI MALMANGER BAND

Foto: Bjarme Øymyr


Kari Malmanger bur i Sogndalsdalen og er mest kjend som folkemusikar. Kari er kvedar i A-klassen og gav i 2012 ut plata «No soli bakom blåe fjell» med folketonar frå Rosendal, Hardanger og Sogn.


Kari Malmanger Band er eit relativt nytt prosjekt, der ho presenterer ein del eigenkomponert musikk, men også gamle jazz standardlåtar som ho har skrive nynorske tekstar til. Med seg har ho tre svært stødige jazzmusikarar som skaper ein perfekt balanse av kjensler, harmoni og spenning. Når dei kjem saman, oppstår det musikk som kombinerer jazz og folkemusikk på ein lyttarvenleg, til tider humoristisk og i alle fall stemningsfull måte.


Kari Malmanger – vokal

Bjarne Øymyr – piano

Alexander Grieg – bass

Stian Villanger – trommer

Laurdag 15. oktober kl. 12.00 Barnejazz på Thon Hotel Jølster


GOOD TIME CHARLIE

Foto: Oddleiv Apneseth


Har du nokon gong fått Kjøpedilla, møtt ein Rotekonge, eller vore Forelska utan å vete om det? Tekstane på Good Time Charlies andre barneplate, «Jubel og Skrubbsår», er på vestlandsdialekt og songane er lette å synge med på. Her fins både positivt innhald, mykje humor, dans og fri fantasi.


Musikken er i kjent GTC stil – energisk «rhythm and blues». Good Time Charlie har stort engasjement for bluesmusikk, og med konsertkonseptet Draumeblues har dei truffe innertiar i det å spele blues for barn. Bandet har lenge vore aktive med å spreie blå musikk til eit yngre publikum, og gav i 2013 ut Noregs første bluesbaserte barneplate «Draumeblues og blåsus», som vart kritikarrost og svært godt motteke.


Draumeblues er gøy for barn i alle aldrar, og bandet har ein unik evne til å skape god og kreativ kontakt med publikum.


Arle Hjelmeland – song og munnspel

Steinar Karlsen – gitar og song

Einar Olsson – trommer og song

Morten Skage – bass og song 

Laurdag 15. oktober kl. 14.00

Gratis kafékonsert på Audhild Vikens Vevstove på Skei


NALBANT


Bandet Nalbant er sett saman spesielt for denne konserten, og musikarane kjem frå Førde, Florø og Sandane. Det dei har felles er at dei går ilag i tredje klasse på musikklinja ved Firda vgs.

Ungdomane i Nalbant har bakgrunn frå ulike sjangrar: metal, pop, rock og jazz, og gler seg til å utforske samspelet til denne konserten.


Bartek Galek - bass

Vebjørn Leite Olsen - saksofon

Kristian Olsen - trommer

Håvard Husevåg - keys og vokal

Peter Kollstrøm Heilevang - gitar

Laurdag 15. oktober kl. 20.00 på Thon Hotel Jølster


ARILD ANDERSEN TRIO MED HELGE LIEN


Ein av uvanlegaste og mest interessante og jazztrioane som har dukka opp dei siste ti åra, er det internasjonale samarbeidet mellom meisterbassist Arild Andersen, den skotske saksofonisten Tommy Smith og «vår eigen» italienske perkusjonist Paolo Vinaccia.


Andersen danna trioen i 2007 med det klare målet å bryte ny mark i moderne jazz, og responsen lét ikkje vente på seg. Trioen blei fort kjend for å opptre med forbløffande kraft, presisjon og dynamikk og er no utvida med meisterpianist Helge Lien.


Arild Andersen - bass

Tommy Smith - saksofon

Paolo Vinaccia - perkusjon

Helge Lien - piano

Laurdag 15. oktober kl. 22.00 Thon Hotel Jølster


WILD THINGS RUN FAST


I 2013 fylte Joni Michell 70 år. Same året bestemte vokalist Siril Malmedal Hauge seg for å setje saman eit band som kunne spele dei vakre låtane til Joni. Saman med musikarar frå jazzlinjene i Trondheim og Oslo har ho plukka ut ei handfull låtar som dei spelar både i ny og gammal drakt. Mitchells musikk er ei blanding av folk, pop og jazz med fantastiske tekstar. Konserten bør glede både dei som har høyrt musikken før, og dei som ikkje har det – enno.


Siril Malmedal Hauge - vokal

Martin Myhre Olsen - saksofon

Torgeir Hovden Standal - gitar

Kjetil André Mulelid - piano

Martin Morland - bass

Henrik Lødøen - trommer




Søndag 16. oktober kl. 11.00

Gudsteneste med jazzkrydder i Ålhus kyrkje


Musikalske gjester: Rakel Russøy – vokal, Jorunn Russøy – kontrabass og Asbjørn Vie – piano