Jølster jazzklubb

- ein musikalsk møteplass for dei med øyre

ANDRE ARRANGEMENT I 2020

"Ein fantastisk konsert, for å seie det mildt!"

Overskrifta er ein kommentar frå publikum etter ein strålande konsert med Tor Yttredal Impression Quartet på Løa 1. februar 2020! 


Jazzåret 2020 er dermed i gang!



1. februar 2020

kl. 20.00 i Løa på Jølstraholmen:

Tor Yttredal Impression Quartet

Førehandsomtale:


Nærare eit superband i norsk musikkliv er det ikkje mogleg å koma! Stavangermusikar Tor Yttredal er ein premissleverandør i Stavanger sitt musikkliv som fortener eit langt større publikum. No har han s​ett saman eit draumeband med Audun Kleive frå The Chasers og Jøkleba, Ståle Storløkken frå Supersilent og Elephant9 og superbassist Ole Morten Vågan frå Trondheim Jazzorkester og Motif. 


Sjølv har Yttredal jobba mest med å få andre musikarar til å låta betre – no er vi heldige som får høyra kva han har på hjartet saman med nokre av Noregs fremste musikarar.


TOR YTTREDAL saksofonar

STÅLE STORLØKKEN tangentar

OLE MORTEN VÅGAN bass

AUDUN KLEIVE trommer


Billettar: kr 250 (vaksne), kr 200 (medl./student), kr 100 (under 25 år). Lenke til billettsal.


Samarbeid mellom Vestnorsk jazzsenter, Løa på Jølstraholmen og Jølster jazzklubb.

MayRahKee til Blest!

I samarbeid med Blest Festival presenterer vi MayRahKee til Blest 2020!


I februar 2019 slapp artisten debutplata «To the Core». No er ho aktuell med singlane “Yka" og "Contradictions", som flettar element frå jazz og hiphop i eit varmt og fresht lydbilete. Med referansar som Anderson Paak, Robert Glasper og Noname dreg artisten jazzen inn i den urbane musikkscena.


Blest Festival vert arrangert 17. og 18. januar 2020 i Førde. Medlemmer av Jølster jazzklubb får billettar til medlemspris! Lenkje til billettar.


Lytt til Contradictions med MayRahKee på YouTube

0