top of page

ANDRE ARRANGEMENT I 2017

4. februar

kl. 20.00 i Løa på Jølstraholmen


Fredrik Saroea Quintet 

Førehandsomtale:

Fredrik Saroea er nok mest kjend som medlem og frontfigur i det ikkje ukjende bandet Datarock. I Fredrik Saroea Quintet viser han seg fram frå ei anna side. Det kan jazzentusiastar i Jølster og omegn gle seg over og til!


Fredrik Saroea Quintet er samansett av eit knippe svært dyktige musikarar og er enkelt sagt eit tributeband til Chet Baker og tolkingane hans av vokalrepertoaret på 50-talet. Bandet starta som kvartett for 14 år sidan og har spelt på NattJazz, Finse Jazz og fleire av jazzklubbane i Bergen. Kvartetten er utvida med Are Ovesen på trompet.


Bandet er kjent å skape stor stemning, så no gjeld det berre å spreie ordet!


Fredrik Saroea (vokal)

Bjarne Øymyr (piano)

Alexander Grieg (bass)

Are Ovesen (trompet)

Nils Are Drønen (trommer)


Bill. hos TicketCo eller i døra:

250 (vaksne)

200 (medlem/student)

50 (under 20 år)

bottom of page