top of page

ANDRE ARRANGEMENT I 2012

11. desember:

Unni Løvlid og glasduoen Draup i Ålhus kyrkje


Det vart ein stemningsfull kveld i Ålhus kyrkje, der glasmusikk og stemmekunst stod i sentrum. Rundt 80 menneske hadde funne vegen til kyrkja, og det var berre vellæte å høyre.


På Jølster Origo har organisten i Jølster skrive ein fin omtale.

Førehandsomtale:


11. desember 2012 i Ålhus kyrkje:

Unni Løvlid og Draup


Dei som trudde at Jølster jazzklubb berre arrangerer jazzkonsertar, må tru om att! (Men det vil ikkje bli nokon vane...) Denne gongen gler vi oss over å få presentere glasmusikk og folketonar i vakker blanding i Ålhus kyrkje.

Unni Løvlid og glasduoen Draup (Liv-Jorunn Bergset og Randi-Merete Roset) er på turné, og dei stoppar m.a. i Jølster. Dei vil presentere salmar og folketonar frå ulike delar av fylket.

Vi trur at dette blir den perfekte konserten for adventstida. Hjarteleg velkommen!


Billettar i døra:

kr 150 (vaksne)

kr 100 (stud./medl.)

kr 50 (born og unge opp til 20 år (kulturkort for ungdom))

30. juni:

Sommarkonserten på Eikaasgalleriet, ei musikalsk og språkleg nyting


Her er lenke til den utflytta jølstringen, Sonja Aasen Årdal, sin blogg. Ho har skreve om jazz på Jølst generelt og sommarkonserten spesielt. God lesnad!

Førehandsomtale:


30. juni på Eikaasgalleriet:

Bossa nova på nynorsk med duoen A MAR (Annelise Ringsby, vokal, Sindre Sortland, gitar)


A MAR speler og syng bossa nova på nynorsk og byr på ein lun konsert med både humor og blodig alvor. Det blir tropenetter og haustregn, såre kjensler og løynde, lokkande lengter.


Med eigne gjendikta versjonar av bittersøte bossatekstar brettar duoen ut eit oppdatert kart over ein sjanger mange kjenner til. Tristessa i brunbarka brasilianarar og melankolien i skulderstive skandinavar er to sider av same sak – det handlar om Livet og Havet, men mest om Kjærleiken.


A MAR byr på musikk som er både eksotisk og kjend. Låtane dei framfører m.a. er chega de saudade / far i veg mitt tungsinn, só tinha de ser com vocé / vil bare vær’ saman med deg, desafinado / tonedøv, aguas de março / haustregn, bim bom, o barquinho / veslebåten


Bill. kr 200 (vaksne) / 150 (stud. og medl. Jølster jazzklubb) / 60 (under 20 år) Billettar i døra.

16. mars

Glitrande konsert med Espen Eriksen Trio og Eva Bjerga Haugen på Skei Hotel!


Foto: Hallstein Dvergsdal

Førehandsomtale:


16. mars kl. 20.00 på Skei Hotel:

Melodisk jazzkonsert med innslag av folkemusikk, melankolia og dei djupe skogar


Jølster jazzklubb inviterer til konsert med Espen Eriksen Trio og Eva Bjerga Haugen på Skei Hotel fredag 16. mars kl. 20.00. Kvartetten er ute på Den musikalske stamvegen, og vi gler oss til å høyre vakker og melodisk musikk i sjangeren skandinavisk tradisjon med innslag av folkemusikk, melankolia og dei djupe skogar.


Espen Eriksen Trio er en lyrisk pianotrio med stor publikumsappell. I mars 2010 slapp dei plata “You Had Me At Goodbye” på Rune Grammofon til strålande kritikkar i inn- og utland. Trioen er etter konsertar på blant anna Moldejazz, Vossa Jazz, Maijazz, Nasjonal Jazzscene og turnéar i Malaysia, Tyskland og Sveits meir samspelte enn nokon gong. Musikken er vakker og særs melodisk og skil seg ut med sine relativt korte og formfullendte låtar og ein ”less is more”-tilnærming i arrangement og framføring. 13. april slepp trioen si andre plate – også den på Rune Grammofon.


Eva Bjerga Haugen er ein ung jazzvokalist og låtskrivar. Ho er for tida i ferd med å avslutta mastergraden sin ved UiS, Jazzlinja, der ho også er tilsett som songpedagog. Ho blei i 2009 omtalt i Jazznytt som eit nytt talent å halde auge med, blei kåra til “Årets Stavangerkunstner” i 2010 og var same år finalist i den prestisjetunge konkurransen JazzIntro. I 2011 var ho Maijazz sitt plakatansikt. Eva Bjerga Haugen har jobba saman med fleire store jazzmusikarar og har opptredd på festivalar som Vossa Jazz, Maijazz, Nattjazz, Moldejazz og Penang International Jazz Festival. Konsertane hennar har blitt kringkasta nasjonalt, både i fjernsyn og i radio.På konserten får du først ei avdeling med Espen Eriksen Trio og så ei avdeling med Eva Bjerga Haugen saman med Espen Eriksen Trio.


Det er berre å gle seg!


Eva Bjerga Haugen (vokal), Espen Eriksen (piano), Lars Tormod Jenset (bass), Andreas Bye (trommer). Foto: Jan Granlie.


Bill. 200 (vaksne) / 150 (stud. og medl. Jølster jazzklubb).

Billett kan kjøpast på førehand hos Skei Hotel eller i døra.

3. februar

Sjelevarmande konsert på Jølstramuseet


Heyra, Erlend og Frøydis heldt ein fantastisk konsert i låven på Jølstramuseet den 3. februar for eit særs lydhørt publikum! Her er lenke til omtale og bilete på Jølster Origo.


Vi erfarte òg at Jølstramuseet var ein ypparleg plass for denne typen konsert; meget god lyd, intimt, og med stemningsfull ramme med levande lys både ute og inne:)

Førehandsomtale:


3. februar kl. 21.00 på Jølstramuseet:

Konsert med Heyra, Erlend Apneseth og Frøydis Grorud


Heyra (HC Dalgaard, gitar/perk., Sigmund Vik, bass) er ein bergensbasert duo som for tida samarbeider med folkemusikaren Erlend Apneseth (hardingfele). Dei tek utgangspunkt i den nordiske og austeuropeiske folkemusikken og leverar konsertar med alt frå eggjande hallingar til balkanske rytmar, nykomponert verdsmusikk og dei opne, uventa pusteromma der improvisasjonen står i fokus. Dei har spelt for fulle hus i Bergen og gledar seg no til å spele på Jølst!


I tillegg blir Frøydis Grorud, ho med saksofonane og ymse andre blåseintrument i Beat for Beat-bandet, med som gjesteartist. Særs gledeleg!


Konserten inngår i "Vinterjazz", ein landsomfattande markering av jazz i regi av Norsk Jazzforum.


Dette blir ein konsert for alle som er glade i gode livekonsertar, og vi lovar ein triveleg kveld med god stemning i låven på Jølstramuseet.


Bill. 200 (vaksne) / 150 (stud. og medl. Jølster jazzklubb).

Erlend Apneseth in action!

Foto: Sean Meling Murray / Carte Blanche

bottom of page